Volontørlinja har no vore i Ecuador i snart ei veke, og stipendiat/elev på linja, Geir Egil Eiksund, skriv om noko av det som har skjedd:
¡Hola! Endeleg er vi framme i Ecuador. Etter 14 timar på flyet frå Amsterdam, kan vi no puste letta ut i ecuadoriansk luft. I går gjekk dagen med til informasjon om Misjonsalliansen, prosjekta vi skal ut i og omvisning rundt om på Casa Alianza, staden vi skal bu medan vi er i Guayaquil. Det er verkeleg fint her nede, badebasseng og nye handkle kvar dag. Vi bur så og seie på hotell, og vi liker det! Det blei ein tidleg kveld på alle i går. Flysoving er gjerne ikkje fullkommen soving og når det i tillegg er varmare og fuktigare enn ein er van med, var det deilig med litt ekstra søvn.


I dag, tysdag, byrja vi dagen med utflukt til prosjekta der vi skal jobbe. Vi stod opp tidleg (rundt sju) og var godt utkvilte alle mann (og kvinner). Vi blei henta av Siv Anett og Astrid (to som jobber for Misjonsalliansen her i Guayaquil) og reiste til eit særs fattig område nord i byen. Der vitja vi både Centro Creer (der Marie, Maria og Anne Line skal arbeide), to fotballbaner (der Leif, Mathias og Kristina skal spele fotball) og to skular (der Mari, Åse, Marit og Holly skal lære bort engelsk). Det var både sterkt og flott og få sjå prosjekta på nært hald og vi ser verkeleg fram til å ta fatt på arbeidet neste mandag. Vi avslutta utflukta vår på kontoret til Misión Alianza der vi fekk god og varm lunsj, før vi reiste attende til Casa Alianza for eit par timars fri. Neste punkt på programmet blir middag vi skal lage sjølv. Vi var nemleg på butikken i går og fekk kjøpt oss mat. Artig å prøve ut nytt brød og nye pålegg. Dette opphaldet skal nok bli fint!
Jepp. Lang og fyldig rapport. Kjem tilbake med meir så fort meir har hendt. I morgon skal vi til Isla Trinitaria i soer. Der skal vi vitje mikrokredittprosjektet til Misjonsalliansen, D-Miro. Vi skal blant anna ut og møte lånekundar. Det er eit prosjekt som verkeleg har gjeve resultat og det skal nok bli både lærerikt og interessant og få betre innblikk i dette prosjektet. Vi skal óg vitje Centro Creer (der Julie, Miriam og Geir Egil skal jobbe). Det blir nok nok ein dag med svetting og sterke inntrykk, men det er vel kanskje det vi er her for. Vi gler oss i alle høve. Dette blir bra!
¡Hasta luego!